Text: Øyvind S. Ådland
Tegning: Fredrik Saroea
Avdi eg er meg sjølv, og berre det, vil eg i denne historia einast nytta 1. person eintall. Hvis eg nyttar me siktar eg i så fall til ein annan person som i det eventuelle tilhøvet var til fundemental hjelp.
Det som er klart etter desse åra, er at eg ikkje er uvanleg einsam, men mesta. Eg slutta å te meg på Roskildefestivalen, eg fekk angest for maur eg fekk angest for sola. Eg fekk angest for å skilja meg ut blant folk.
Eg fekk opplyst at eg skulle vera med på ein viss pressebuss, med sjanse for å sova. Sovinga viste seg å vera 5-6 madrassar, pressebussen var ein 1961-modell. Ingen tok seg nær av det. Bussen gjekk fint, sjåføren var av det trivelege og dugande slaget. Med soleklar røyst informerte han om praktiske saker, og om ulovlege saker, han sette seg ned og køyrde mot Danmark. Bussturen varte omlag 10 timar. Melding frå meg til busspassasjerane: Eg var den som sat på 3. raden framanfrå og aldri ytra noko. Eg var den som mistrivdast sterkt utan å gjera medpassasjerane merksam på dette, dessutan var eg den som heilt klart var mest sjenert i heile bussen, av di eg las i ei bok i staden for å seia noko. Eg seier meg lei for at eg var med på denne bussen, folkens, seier meg stolt for at eg turde å ete brød og gulrøter i tillegg til å vera lite pratsam.
Talentlaust å vera verdlaus i Roskilde
Bussen kom fram trass i at eg var med. Eg vandra rundt på festivalplassen etter ein stad sove. Me fann ein stad, la oss i hjørnet av plassen. Plassen var elles inngjerda og vakta. Du måtte ha eit spesiellt armband for å kunna passera. Eg, som berre er mannen i gata, tykte det var spanande å bli vakta slik, særleg ettersom det gjekk fint å koma seg inn på plassen gjennom eit hul i gjerdet, utan at vaktene brydde seg. Etter at folk i ganske stort tal hadde kome seg inn på plassen den ulovlege vegen, prøvde vaktene å sperra inngangen med piggtråd. Det skapte ikkje store problem for inntrengjarane, dei måtte berre bøya seg litt meir for å koma inn.
[Bildetext: Øyvind er ikke personen med flasken, men derimot
personen plassert helt bakerst. De andre er foran.]
Verdlaus-kjensla kjem
Me hadde til all ulukke teke med 6 Totalnekt!-skjortar. Me selde inga, eg solgte inga. Eg gjekk istaden rundt på plassen. Depresjonen som på desse spaserturane ofte gjorde seg gjeldande var lik depresjonen eg fekk då eg i 2 veker var utplassert på ein institusjon for psykisk utviklingshemma. Skilnaden var at her traff eg likesinna, folk som kunne tenkje seg eit liv i ruinar, men som helst ville drukna seg i alkohol. Og folk må berre få drikka, berre dei ikkje lagar kvalm for meg, for eg kan fint laga nok kvalm for meg sjølv. Eg kan også fint laga kvalm for andre, hvis eg sit i ein buss til dømes.
Mislukke
Den svimlande nedturen tok form i Roskilde. Eg var med oppsøkjande bolk ein gong, prøvde å intervjue The Fall, men korpset kom aldri til dei avtala tidspunkta.
Etter det nekta eg konsekvent å prøva på noko intervju, eg førde meg som mannen i gata - eg ville vera mannen i gata. Eg trudde det var slik at alle saman skulle bli kjent med alle saman, folk skulle koma over til ditt telt, det skulle vera festleg på alle måtar. Den eg vart mest kjend med av dei 109 993 framande var ein av vaktene, han kjende meg att kvar gong eg gjekk inn på teltplassen. Når ein av dei som skal passa på, kjenner meg att, må det tyda at han tykker det er viktig å halde et auge med meg. Altså: Eg maktar ikkje å passa på meg sjølv.
Basta! gjer merksam på: The Fall!
Dette korpset som heiter The Fall, berga meg. Dei spela 1. dag: Torsdag. Konferansieren kom ut klokka 21.52 og fortalde at korpset var seinka med 10 min. Etter nokre minutt høyrde eg korpset spela opp, og sceneteppet gleid til sides. Korpset spela i 1 1/2 minutt for sjefen, songar Mark Edward Smith kom inn til fenomenal jubel, og spytta ut orda
- In Pearl City.
Like etterpå kom setninga som tallause gonger er blitt sagt ved byrjinga av Fall-konsertar:
- Good evening, we are The Fall.
Mr. Smith merka seg også ut med å vandra fritt rundt på podiet, trykkja på tangentane, lesa frå ark. Han såg ferdig ut i ordets rette viten. For Fall-kjennare er det verd å merkja seg at korpset spela utan gitaristen Craig Scanlon. Derimot spela dama som tidlegare var kjend under namnet Brix E. Smith gitar. Bak tangentane stod ei ganske framand dame, det kan henda at dette var Marcia Schofield i utkledning.
Unsane er treige aggressorar
Eg var på Unsane-konserten på siste festivaldagen - sundag. Eg vart slegen av kor sakte eit korps kan spele aggressivt. Songaren såg då også ut til å skamma seg medan han stod på scenen og kvekka eit og anna ord teken frå djupt under jorda.
Etter Unsane-konserten vart eg obs på Aaron A. Rudra som delte ut fanzina Cries.of.the.Many. På forsida av fanzina heiter det: "Jeg trykker alt som er seriøst, ingenting fascistisk, rasistisk, eller homofobisk". Eg fann denne informasjonen villeiande og/eller interessant, og sette fyren i søkjeljoset.
Nei, nei, nei
- Eg vil ikkje gjera min fanzine til eit forum for nazister. Hvis nokon skriv eit innlegg med rasistiske kvalitetar til mi fanzine, vil eg trykkja det hvis det har noko føre seg å trykkja det. Hvis dei har lyst til å spreia sin bodskap, kan dei gjera på akkurat same måten som eg spreier mitt. Det meiner eg dei har høve til å gjera, og det gjer dei jo og, i grunnen. Sidan eg har eit anti-nazistisk, anti-homofobisk og anti-fascistisk syn, vil eg ikkje nytta mi fanzine til å spreie desse haldningane. Eg har andre ting å spreie, sa Aaron og venta å bli teken på alvor.
Meiner du det er ein reell fare for at desse gruppene vil prøva å spreia noko som helst av det dei meiner i di fanzine?
- Nei, men det kan henda. - Ja, det trur eg, men det kan jo henda det ikkje kjem inn.
Når du skriv "...ingenting homofobisk", tykkjer du ikkje at folk kan mistyda, og tru at du ikkje vil ha inn noko som har med homofili å gjera?
- Jo, det kan godt vera, men eg har tenkt å strykja det faktisk. Kanskje det er vonlaust at det står der, men eg ser ikkje nokon vits i å diskutera homofili, eg meiner personleg at det er ein heilt naturleg ting. Og eg meiner at det er eit problem i Noreg er at det er altfor få som innser at det er heilt greit å vera homofil. Eg trur det er mange fleire som er homsar enn dei som seier at dei er det.
Nett difor burde vel homofili diskuterast?
- Ja, det er kanskje feil det eg sa: at det ikkje er nokon vits i å diskutera homofili. Det er ingen som diskuterar heterofili. Homofili og heterofili er noko av det same greiene. Det er berre det at homofili ikkje fører til noko barn, men det gjer jo det heller ikkje i dei fleste tilfella av heterofili.
Basta! gjer merksam på
Det er nok av folk som diskuterar heterofili. Eg veit om minst 4 personar.
Meiner du ærleg talt at homofili ikkje bør diskuterast?
- F. eks. no vil eg ikkje diskutera homofili. Sett at nokon skriv inn noko om homofili, vil eg gjerna personleg svara på det. Eg har tenkt å sletta det med ..."homofobisk", av di folk ikkje skriv homofobiske innlegg til mi fanzine. Eg trykkjer alt som er seriøst.
I ei lokalavis var det ein del innlegg som kan karakteriseras som homofobiske. Men desse innleggja vart ettertrykkjeleg svarte på.
- Ja, det kan godt vera. Du har jo dilemmaet, eg tvilar ikkje på at hvis nokon skreiv noko nazistisk, så ville det også bli ettertrykkjeleg svarte på. Men eg vil ikkje trykkja det.
Etter praten gjekk me til ukjend mark, snakka med nokre fyllesvin, som til slutt byrja true oss med bank. På tross av 6 mnd. karateerfaring, gjekk eg vekk frå området. Det stanka kraftig urin, situasjonen utriveleg, eg gjekk vekk! Til de som trua meg: Eg vil ikkje ha bank.
Salsmennene tenkjer: Der er 2 kundar
Tilslutt snakka eg med ein salsmann, ein av desse som står og sel inne i ein bod. Han fortalde at salet gjekk veldig, veldig dårleg, men at véret var bra. Han som stod litt ved sida av fortalde at salet gjekk middels bra. Han nemnde ikkje véret. Vi mora oss med å gje oss ut for å vera Basta! from Norway. Folk gjekk viljug på limpinnen, deriblant nok ein salsmann og ein ekspeditør ved ein hurtigmat-bod.
Han sa kort og greit at kjøttmaten selde meir enn vegetarmaten.
Vi var vitne til at folk gjekk tilside for oss, medan dei gav avlaup for: "Oh, it's the radio!" Løyndomen var at eg hadde for kort tid sidan hadde kjøpt ein mikrofon til 98.00 kr. hos den lokale musikkforretninga på Askøy utanfor Bergen. I kombinasjon med ein 10 år gamal bandopptakar, tok folk oss for å vera frå ein radio. Og eg kunne jo ikkje gjera annet enn å seia som sant var, "Hello, we're Basta! from Norway." Would you please tell us..." Mannen i gata fekk solid respekt for oss.
Sivilarbeidaren foran speglet
Eg skrubbar tennene kvart einaste døger, og eg fekk løn for strevet ein morgon. Rett etter tannskrubben, fekk eg auge på ein sivilarbeidar. Han hadde ei sivilarbeidar-skjorte på seg. Han stod og glante på meg, så eg skaut han rett ned med augo mine. Han likna på meg i andletet. Eg spurde - Er du frå Noreg? Han svarde ja, og eg viste mi knallkvite Totalnekt!-skjorte, han sa: - Ja, du vil gå eit skritt lenger. Han rådde meg til å oppsøkje sivilarbeidarne sin bod. Og gjorde så, det var ikkje så mange folk der. Men ein av frekkasene presterte å seia at han var mot totalnekting, medan me var tilstades. Eg merkte meg denne fyren, og klekka ut ein plan. Me skulle kome attende med bandopptakaren, og utgje oss for å vera "Radio Nektar". Derpå skulle eg spørje denne kjipe fyren om kvifor han var mot totalnekting, korleis går det an å vera mot totalnekting, om å vera mot totalnekting er det same som å vera mot totalnektarar. Dette vart det, som med det meste, ikkje noko av.
Eg vil heim
Politiet var titt og ofte å sjå, det patruljerte i puljar på opp til 4 stykk. Men dei stogga dei som laga kvalm, eller det var ingen som laga kvalm, for eg blei ikkje utsatt for kvalme. Politiet rakka heller ikkje ned på dei mange fredssymbola på festivalen. Dei fjerna heller ingen demonstrantar, for det var ingen demonstrantar utanom meg. Eg demonstrerte med all klårleik at eg mistrivdest sterkt, og eg ber festivalens leiing om å instruera vaktane til å ikkje la meg sleppa inn. No for tida eig eg ingen aggresjon, men eg ser ikkje bort frå at aggresjonen dukkar fram med full tyngde hvis eg nok ein gong får sleppa framom vaktane i Roskilde. Stogg meg, senda meg attende med det seinaste toget i Danmark.